Det har gått 19 veker etter operasjon, og
er no endeleg erklært frisk av helsesystemet!! Eg må fortsatt ta omsyn til
skaden, men ikkje verre enn at det ikkje legg nokon dempar på livet. Tunge løft
er visst ikkje å lurt enno, men det kan eg leve med;) Lukeparkering er heller ikkje så lurt, men litt vanskelegare å unngå. Det var litt ymse å oppdage at når eg lente meg
over på skruane for å sjå bak, vart det skikkeleg vondt. Lukeparkere på speil
er eg ikkje vande med, så då var det å bite i pinnen eg ikkje hadde i kjeften og
la det stå til ;) Bil vart parkert og etterpå jobbings.
Av logistikkiske årsaker har eg ikkje prioritert ein litt
lenger fjelltur enno, men korte, lave, er jo ikkje å forakte dei heller ;)
Framsteg sidan sist:
Veke 18 vart ei god veke. Joggetur med stavar, 4km.,
Gå-tur 6km riktig nok med stavhjelp, menmed innlagt kort intervalltrening på til saman 1km utan stavar. Og endeleg: ´Gå heim frå fest´- tur på fire
km og etter litt søvn ut på tur igjen for å finne bil. Godt!!
Gode kjensler som eg ikkje tek som sjølvsagte
lenger.
Prøvetur med liten sekk har blitt utsett
inntil vidare. I ettermiddag vann
diverre sofaen kampen, det vart ikkje
tur etter tidlegvakt… Ikkje bra, men i morgon er det heldigvis ferie og då vil
eg tru overskotet kjem til tur!! Perfekt :)