torsdag 26. april 2012

VEKE 11&12: Jobbings att!! :D Køyring att!! :D


Ei meiningslaus og slapp tid på Staten si rekning er delvis over. I alle høve har eg kome meg litt på jobb igjen, to og ei halv månad sidan sist. Det var ei skikkeleg godkjensle å sjå dei att. Kome attende til dei smilande, hjelpande, omsynsfulle, og litt spydige. Perfekt!! :D Mi halve maskin har endeleg fått start og fungerer no i fyste gir. :)
Drosjene på Sandane og Florø har fått seg nokre ekstraturar på grunn av meg. Firda Billag har ei tid fått ein ekstra passasjer å køyre på. Men no i kveld må eg diverre skuffe dei med at den tid er over.  ;)  Hondaen er no tilbake i mine hender. Eg har nett hatt min første køyretur på nesten 3 månader. :D No er det slutt på å ta ei øl til maten utan omsyn til om bilen skal brukast. No er det er slutt på ´smalltalken ´i drosje og buss. :D

Einaste som eg skulle ynskje fungerte betre er i nedoverbakke på asfalt. Det er ikkje stas når nokre 100 meter medfører sofa, men om litt er sikkert dei vondtene også over.
Turar i skog og mark er under planlegging. Snøven må berre heilt vekk litt oppe i liene. Satsar på ein liten overnattingstur til Grytadalsbu – om litt, som ein ´kick off´ føre sommarsesongen . ;)

Fysioterapi kvar 14 dag fungerer godt. Treningsmengda blir bestemt av vondtene. Diverre ikkje kvar dag det blir treningsprogram sidan aktivitetsnivået no er forholdsvis høgt, men ingen direkte steg bakover hittil. Uansett har det kome dagar utan trong for krykkje!! :D
No blir det kveldsøkt med ein trimsykkeltur. Fotballen på tv´en som motivasjon.

tirsdag 10. april 2012

VEKE 9-10; Ei skifri påske


Vekene går fort, særleg no når livet er så smått begynt å bli normalt igjen. Krykkjene er det ikkje trong for i heimen lenger og eg har endeleg fått lov til å trene utandørs. Første gåtur vart ei positiv oppleving. Medførte at eg neste dag tok meg ein liten ´fjell´-tur. Toppen på heile 178moh gjorde godt!! Kjerreveg nesten heile vegen til topps og nok med ei krykkje. Siste biten utan veg vart ei utfordring, men opp skulle eg ;) Turen medførte sofaliv og piller.

Så kom påska, og gjester kom med m.a. gå-stav :) Det blir kjekt å byrje å bruke dei!!  Det blir også kjekt å ha lett tilgang til bil og luftefylgje. (Men det har eg heldigvis hatt heile tida:) )
Fyste utflukt var kino. ´Dødsleikane´ vart ei lang, ukomfortabel og kjekk oppleving som medførte rolege dagar med pillehjelp mens gjestane drog til fjells. Rolege dagar måtte m.a. nyttast til lesnad. Det var no trong for å lese to bøker i etterkant av kinoen.

Eg måtte prøve meg på ny tur. Ein ny ´topp´ var planlagt, så då var det å prøve gå-stavane. Delar av Kjerrevegen var denne gangen snødekt, så det var også ei utfordring. Men med god hjelp frå slekt og stavar kom eg med opp på 337 :) Godt å vere på tur igjen!! 2,5 km og 1,5t på tur var nok. Kjekt og godt å bli oppvarta resten av dagen sidan det ikkje var så mykje hjelp i meg ;)

Treningsopplegget mitt går sin gang. Smertenivået bestemmer intensiteten. Enten går eg ein tur eller så er det treningsopplegg i kjellaren. Men sjølvsagt kjem der også dagar utan noko som helst. Lite lurt å overdrive ;)