tirsdag 10. april 2012

VEKE 9-10; Ei skifri påske


Vekene går fort, særleg no når livet er så smått begynt å bli normalt igjen. Krykkjene er det ikkje trong for i heimen lenger og eg har endeleg fått lov til å trene utandørs. Første gåtur vart ei positiv oppleving. Medførte at eg neste dag tok meg ein liten ´fjell´-tur. Toppen på heile 178moh gjorde godt!! Kjerreveg nesten heile vegen til topps og nok med ei krykkje. Siste biten utan veg vart ei utfordring, men opp skulle eg ;) Turen medførte sofaliv og piller.

Så kom påska, og gjester kom med m.a. gå-stav :) Det blir kjekt å byrje å bruke dei!!  Det blir også kjekt å ha lett tilgang til bil og luftefylgje. (Men det har eg heldigvis hatt heile tida:) )
Fyste utflukt var kino. ´Dødsleikane´ vart ei lang, ukomfortabel og kjekk oppleving som medførte rolege dagar med pillehjelp mens gjestane drog til fjells. Rolege dagar måtte m.a. nyttast til lesnad. Det var no trong for å lese to bøker i etterkant av kinoen.

Eg måtte prøve meg på ny tur. Ein ny ´topp´ var planlagt, så då var det å prøve gå-stavane. Delar av Kjerrevegen var denne gangen snødekt, så det var også ei utfordring. Men med god hjelp frå slekt og stavar kom eg med opp på 337 :) Godt å vere på tur igjen!! 2,5 km og 1,5t på tur var nok. Kjekt og godt å bli oppvarta resten av dagen sidan det ikkje var så mykje hjelp i meg ;)

Treningsopplegget mitt går sin gang. Smertenivået bestemmer intensiteten. Enten går eg ein tur eller så er det treningsopplegg i kjellaren. Men sjølvsagt kjem der også dagar utan noko som helst. Lite lurt å overdrive ;)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar