lørdag 12. mai 2012

VEKE 13&14: Tusling i skauen


Dagane går med sakte steg i rett retning. Jobbings og gleda over å endeleg vere mobil er stor. Treningsøktene, på det som eg føler ikkje lenger er på Gamleheimen grunna mi betra helsetilstand, blir det no sjeldnare og sjeldnare trong for. Fot er no blitt ganske bra, så styrkjetreninga er blitt erstatta av meir balansetrening. Balansen er ikkje akkurat 100% ;) så det blir bra!!

Det var med ein liten pose skepsis eg starta på turen til Øygarden. Fyste køyretur på tre månader. Eg hadde rikeleg med tid, så eg skulle no alltids kome meg fram!! Skepsisen auka litt etter fyste stopp, 15 min etter start. Bensinfylling med ein påfølgjande liten gå-tur grunna vondter. Forbanna mange svingar som stikk. Heile tre mil etterpå kom neste stopp, ut å gå - gassfot likte seg ikkje. Nye mil etterpå måtte eg ty til pilledåsen, samstundes fann Garmin ut at eg kunne kome på andre tankar - det var ei ferje å rekke. Dei neste seks mila gjekk betre og ferja gjekk med meg om bord. 20 min. pause var perfekt no!! Kom meg til slutt fram med småpausar her og der, m.a. på XXL :)

Tilbaketuren gjekk heldigvis betre :)

Turen til Grytadalsbu vart ikkje av typen overnatting, men det var uansett ei god kjensle å ha fjellsko på seg igjen og samstundes gå på ujamt underlag. Det gjekk seint, men du kor godt det var for kropp og sinn!! og gåstavane er gode også for armtrening. Perfekt!! 
Bua skal bli besøkt fleire gongar, og om litt kanskje også vidare mot Haukånipa.

Endomondo-appsen er kjekk å ha no når turane blir lenger, den motiverer og krympar dørstokkmila. :)

Nye opplevingar er komen til meg no når farten er sett ned og toppturane er erstatta med tusleturar i skauen. Som til dømes då ein metafor kom dalande ned i form av ein hoggorm som solte seg i solsteikjen. Eit bilde måtte kome i haudet mitt her eg gjekk i paradiset. Tru om det lar seg gjere å framkalle filmen ;) 

1 kommentar:

  1. Med hoggormen kom friluftsmannen fram att:-) Godt å sjå at du er komen tilbake til motabakke i terrenget B-)

    SvarSlett