I august i fjor vart tur-stavane kasta og
sekken kom på. Høgdemetrane kunne bli mange og turane vart lengre og kjekkare
samtidig som sekken vart tyngre. Framgangen fortsette utover hausten, men ettersom
turane vart lengre og lengre, måtte det kome tilbakesteg. Dersom eg gjekk over
ei mil, merka eg det godt når eg kom heim. Eg måtte klage mi nød til legen.
Sidan det nærma seg årskontroll etter operasjon, vart hospitalet sett på saken.
Årskontroll, røntgen viste at alt var ok.
Kirurgen var fornøgd, men støtta fjerning av skruer sidan eg hadde antyda visse
problem. Eg vart sendt opp til dag-kirurgisk avdeling. Etter eit kort møte der
oppe vart datoen for fjerning sett til 16.september. Ein liten operasjon på 25
minutt med påfølgande 2 vekers sjukmelding. Eigentleg ingen stor sak. Då blir
det å gle seg til det ;)
Aktivitetsnivået var fortsatt høgt. Formen
var god. Kollegaer hadde heile tida vore med på tur og gjorde det lett å kome
seg ut, uansett vêr. Godt nøgd!!
Skiturar vart det ikkje så mange av, men påsketuren på Glitteregga, 1297, var tung og fantastisk, endelig!! Men føreforholda gjorde då sitt til at det ikkje vart så mykje fart under skia!! Trening på fallteknikk fekk eg derimot!!
Hånndalsvatnet frå Glitteregga. |
Kjekt Strandafjellet ikkje ligg så veldig langt heimanfrå ;)
Tilbake på Utvikfjellet der bloggen starta, no på ymse maisnø ned frå Skvaegga. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar