Det her tek litt lenger tid enn det eg
hadde tenkt meg. Endå meir venting før jobb og bil. Men det her må gå diverre
gå sin seine gong. Det blir uansett kjekt å sjå framgangen no når treningsmengda kan auke.
Det var ei rar kjensle å stole på høgra
igjen, ikkje lett. Hodet stola definitivt ikkje på den etter nokre månader med
tre og eit halvt bein. Men det lar vel seg endre, det også;) Med litt
konsentrasjon går vel det fint!! Det var med ei god kjensle eg tok turen til
fysio.
Etter ein halvtime med for meg store
utfordringar hadde kome meg nokre små steg fram, bokstavleg tala utan
hjelp!!
Dei andre øvingane som eg hadde tatt i
forkant gjorde godt i forhold til stega eg tok på slutten av halvtimen. Kjekt å
kunne kjenne framgang berre med nokre få øvingar. Veldig motiverande!! Ei
treningsøkt om dagen som kan kombinerast med kondisjonstrening på
treningssykkel framfor tv´en blir godt.
Den høgre krykkja er det no ikkje trong
for lenger, det tok sju veker!! Piller er det også nesten slutt på. Nesten berre
K og D vitaminer no ;)
Dagane går, dei ´meiningslause´ lange
dagane i sofaen er snart over. Stega blir fort lengre, utan så mykje vagging, utan
så mykje konsentrasjon. Det blir litt gåing mellom sofaen og
nødvendige ærend i andre rom i løpet av ein dag. Perfekt å endeleg kunne gjere
dette utan hjelp.
Snart blir det ein gå-tur ut, i fyste
omgang om lag 500 meter, med krykkje. Om litt blir vel den bytta ut med gåstav.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar