Etter fire dagar vart krykkene kasta, forhåpentlegvis
for godt. Gå-stavane vart tatt fram i staden når trim var på programmet. Turen
på om lag 4km i løypa i Åsen tok sin tid, men sidan det også var ein sosial tur vart det berre kjekt. Etterpå vart det sofa. Eg må vel lytte litt til
forståsegpåarane som antyda ro ;) Nettene var ei sak for seg sjølv. Det var
uaktuelt å ligge på høgre side, sjølv med ekstra dyne. Det var ikkje mykje uro
som skulle til før det gjorde vondt. Paralginen fungerte for så vidt, men sidan
dagane skulle innehalde mykje kvile, var det ikkje så nøye med søving på natt.
Mobilen har spel ;)
Neste dag måtte eg ein tur til Førde.
Ingen problem, flott!! Ferda gjekk så vidare til Florø. Fortsatt gjekk det
greitt. Litt støl, men det må eg tåle. ´Heimatt´ neste dag, via Hyen, måtte visst høgrefoten
testa seg. Plutselig kom ein liten sak som likna ´Korse´ ut i vegen. Men ho
levde jo for over 50 år sidan, måtte vere slekt. :) Det vart full stopp og
´den vene vakre røde´ kunne spankulere vidare på ferda etter å ha høyrt litt på
mine dekk. Litt spenning i kvardagen, både for rev og lår. Noko vondt vart det
i etterkant, for min del. Det var ikkje fred å få etter heimkomst. :) Flott det
vart tur også denne dagen. Ein ikkje så lang ein denne gangen, trur kanskje det
var litt lurt. ;)
Det nærma seg helg, kva skulle eg finne på.
Det vart å ta bilen fatt att, tur til Rong. Mamsen vart med. Godt å utnytte
´ferien´, som nokon på jobb også kalla sjukmeldingsperioden min. ;) På vegen vart Ikea
nytta konstruktivt, både med trim og handel. Nye steg vart sjølvsagt tatt denne
helga. Turen til Bølgjekraftverket, 6 km., gjorde godt og eg trengde ikkje
mykje restitusjon. Dette gav håp om at eg snart skulle blir klar for større utfordringar.
Dagane gjekk og seks sting skulle takast
vekk. Vondtane på såret var der fortsatt, så eg var spent på korleis det vart
etter at dei vart nappa ut. Ho var ikkje heilt fornøgd, så når jobben var gjort
fekk eg ny time over helga. Kjekt at det kjapt vart merkbart betre, også på
natt. Haustvêret var fantastisk desse dagane, så etter litt drøfting i heimen
vart det tur frå Tystadstøylen til Lomsvatnet saman med mamsen og familien frå
Rong som gjekk vidare til Høgsvarden, kjempeflott!! Etter denne turen gjekk
gå-stavane vidare i arv, til mamsen ;)
Etter veker på sidelinja var det godt å
kome seg på jobb og tilbake til normalen…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar