Det tok sin tid, nesten to år med
frustrasjon, irritasjon, men med mange fantastiske opplevingar som eg, når alt
kjem til alt, ikkje ville ha vore forutan. Dei ille, dei tragikomiske og dei
morosame. Mange rike minner har eg fått, krydra med meir kunnskap om det å
leva. Denne tida er over, ei tid som no forhåpentlegvis blir erstatta med eit
anna prosjekt, eit prosjekt som kanskje vil bevege seg høgre oppover i
pyramiden til Maslow. Om det skjer, vil tida vise. Eigentleg er ikkje det
viktig, sidan livet har ei anna side enn å realisere seg sjølv. Men, det hadde
no vore moro å klare det likevel. Det er kanskje på tide å tenkje på det, sidan
eg ikkje blir yngre med åra, jamfør denne beretninga ;)
Nytt prosjekt er i emning, nye beretningar
kjem, men då med eit litt anna fokus enn det som har vore her… forhåpentleg vis
;)
Alt har heldigvis, som oftast, sin ende.
Nye skal kome.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar