fredag 13. desember 2013

VEKE parognitti; end of story.



Det tok sin tid, nesten to år med frustrasjon, irritasjon, men med mange fantastiske opplevingar som eg, når alt kjem til alt, ikkje ville ha vore forutan. Dei ille, dei tragikomiske og dei morosame. Mange rike minner har eg fått, krydra med meir kunnskap om det å leva. Denne tida er over, ei tid som no forhåpentlegvis blir erstatta med eit anna prosjekt, eit prosjekt som kanskje vil bevege seg høgre oppover i pyramiden til Maslow. Om det skjer, vil tida vise. Eigentleg er ikkje det viktig, sidan livet har ei anna side enn å realisere seg sjølv. Men, det hadde no vore moro å klare det likevel. Det er kanskje på tide å tenkje på det, sidan eg ikkje blir yngre med åra, jamfør denne beretninga ;)
Nytt prosjekt er i emning, nye beretningar kjem, men då med eit litt anna fokus enn det som har vore her… forhåpentleg vis ;)

Alt har heldigvis, som oftast, sin ende. Nye skal kome.

fredag 25. oktober 2013

Det lakkar og lir :)


Etter fire dagar vart krykkene kasta, forhåpentlegvis for godt. Gå-stavane vart tatt fram i staden når trim var på programmet. Turen på om lag 4km i løypa i Åsen tok sin tid, men sidan det også var ein sosial tur vart det berre kjekt. Etterpå vart det sofa. Eg må vel lytte litt til forståsegpåarane som antyda ro ;) Nettene var ei sak for seg sjølv. Det var uaktuelt å ligge på høgre side, sjølv med ekstra dyne. Det var ikkje mykje uro som skulle til før det gjorde vondt. Paralginen fungerte for så vidt, men sidan dagane skulle innehalde mykje kvile, var det ikkje så nøye med søving på natt. Mobilen har spel ;)
Neste dag måtte eg ein tur til Førde. Ingen problem, flott!! Ferda gjekk så vidare til Florø. Fortsatt gjekk det greitt. Litt støl, men det må eg tåle. ´Heimatt´ neste dag, via Hyen, måtte visst høgrefoten testa seg. Plutselig kom ein liten sak som likna ´Korse´ ut i vegen. Men ho levde jo for over 50 år sidan, måtte vere slekt. :) Det vart full stopp og ´den vene vakre røde´ kunne spankulere vidare på ferda etter å ha høyrt litt på mine dekk. Litt spenning i kvardagen, både for rev og lår. Noko vondt vart det i etterkant, for min del. Det var ikkje fred å få etter heimkomst. :) Flott det vart tur også denne dagen. Ein ikkje så lang ein denne gangen, trur kanskje det var litt lurt. ;)
Det nærma seg helg, kva skulle eg finne på. Det vart å ta bilen fatt att, tur til Rong. Mamsen vart med. Godt å utnytte ´ferien´, som nokon på jobb også kalla sjukmeldingsperioden min. ;) På vegen vart Ikea nytta konstruktivt, både med trim og handel. Nye steg vart sjølvsagt tatt denne helga. Turen til Bølgjekraftverket, 6 km., gjorde godt og eg trengde ikkje mykje restitusjon. Dette gav håp om at eg snart skulle blir klar for større utfordringar.
Dagane gjekk og seks sting skulle takast vekk. Vondtane på såret var der fortsatt, så eg var spent på korleis det vart etter at dei vart nappa ut. Ho var ikkje heilt fornøgd, så når jobben var gjort fekk eg ny time over helga. Kjekt at det kjapt vart merkbart betre, også på natt. Haustvêret var fantastisk desse dagane, så etter litt drøfting i heimen vart det tur frå Tystadstøylen til Lomsvatnet saman med mamsen og familien frå Rong som gjekk vidare til Høgsvarden, kjempeflott!! Etter denne turen gjekk gå-stavane vidare i arv, til mamsen ;)
Etter veker på sidelinja var det godt å kome seg på jobb og tilbake til normalen…

fredag 27. september 2013

Ny operasjon


Ein interessant dag var i emning, halv seks, kanskje litt tidlig, men det måtte til for å få unna gjeremåla for dagen. Ein kald pendlarbuss tok meg til Førde, med krykkene som einaste bagasje. Søvn er ofte ei mangelvare hos underteikna, så også denne natta. Det skulle bli godt med ein formiddagslur... Litt stressa kom eg inn akkurat tidsnok til avtalt oppmøtetid på avdeling for dagkirurgi, for så å få beskjed om å vente. Logistikk er visst eit framandord på ein slik plass. Eg fekk etterkvart gjort meg klar til meir venting, denne gangen i ein lenestol. Det skulle bli godt med litt ro, kl. 11 var det visst min tur til å bli lagt på benken. Problemet var at oppvakningsrommet for småbarn var i rommet ved sidan av, utan dør imellom oss. Synest synd på barnet som vakna opp frå narkosen utan mor i nærleiken. Det var ikkje akkurat musikk i øyra. Fekk piller og veneflon, mor kom til etter kvart på naborommet, men fortsatt kom det mykje lyd derifrå. Det vart til slutt stille og tid for ein dupp. Klokka vart både 11 og 12. Folk kom og gjekk. Det såg ut som at kirurgen skulle bli god og mett før han slipte kniven. Halv eitt låg eg på benken, klar for litt meir kvile.  
 Med brusk skal hola tettast :)
Etter kort tid, eller rettare sagt eit par timar, var luren slutt utan draum om fjell eller noko anna. Berre vondt att i låret, som sist. Ein ny venteperiode kom, sidan eg no skulle vakne litt meir og få saker og ting til å fungere. Denne gang med god service. Suppe, kaffi og piller. Etter nokre timar var det tid for å fortsette dagen. Litt krøkkete med å få på meg kle, men det gjekk. Liten tur på gangen, finne privaten og deretter få utreisetillatelse.
Broderen kom, fekk meg på apotek og buss. Denne gangen gjekk bussturen utan skruar, vart visst containermat i kampens hete, like greitt sidan dette no er eit tilbakelagt stadium.

Kom meg inn og ut av bil utan problem, berre litt vondt, men overraska over at det ikkje var verre. Dette ser bra ut!!

Ny dag, etter overraskande mykje søvn. Få minutt etter at eg vakna, ringde dei frå sjukehuset. Lurte på kor det gjekk. Fekk beskjed om å ta ein pille og stå opp etter ein halv time. Det var ikkje fred å få no heller. Lurer på om ein liten overvakingsdings datt ned i såret under inngrepet.
Morgonprosedyren gjekk greitt, mykje lettare enn venta.

To krykker har allereie blitt til ei, i alle høve innandørs.
 

mandag 16. september 2013

Godt og vel eitt år seinare… - endeleg på 2k-topptur.



Eg kunne ha vore på 2k-topptur for eit år sidan, men no har det seg slik at dei ikkje reiser seg utanfor stoveglaset mitt. Så sjansen kom endelig i byrjinga av ferien min, midt i juli.
Med broder Ivar og nokre vener bar det i veg. Ein tung sekk vart pakka på Bygdin i hui og hast for å rekke ´Bitihorn´ til Torfinnsbu. Ein fantastisk
båttur i knallvêr var ein perfekt start på tinderanglingshelga. Tung bør oppover Svartdalen gjorde ingenting. Motivasjonen var på topp og formen god etter mange, maange trimturar i året som har gått sidan sist. Lår og pust hadde det bra. Men på fyrste pausen dukka det likevel opp eit problem med foten. Ikkje lår denne gang, men hælane. Gnagsår. Sidan eg skulle gå langt, bratt og på mykje stein, hadde eg funne ut at eg skulle bytte sole i skoa. Eg ville ikkje ha problem under foten denne gangen. Og det fungerte sjølvsagt dårleg. Compeed vart lånt og solen vart bytta tilbake, men tabben var gjort og det betra seg ikkje. Pokker.  
Teltet kom opp og etter somling og hæl-førebygging bar det i veg oppover mot Vestre Leirungstind. Det vart bratt og seint. På 2100 snudde vi, skulle ha starta tidlegare. Tida rakk ikkje til, så fyrste forsøk på ein 2000meter gjekk ikkje så bra. Men høgda hadde eg nådd!!
Etter litt søvn, frukost og ny førebygging skulle vi på rangel. Tre tinder og to brear var planen. Ein lang sak, men eg hadde god tru!!
Kvitgardtinden, 2193, vart min fyrste topp, Godt nøgd!!, men eit lite steinsprang like under
På Kvitgardstinden, med Mesmogtinden og St. Langedalstind t.v.
toppen kunne lett ha stoppa mi ferd. Men det går jo som regel bra ;) for med Inreach satellitt-kommunikasjons-dingsen hadde eg uansett blitt henta om det ikkje hadde vore dekning der ;)
Men vi var ikkje ferdig med dagen.  Lår og hælane merka eg lite til. No var det ´berre´ 400 høgdemeter nedatt før klyving og klatring opp til ny tind. Ned ura gjekk fint, men i ein snøbakke hadde eg ein utglidning. I god fart stoppa sjølvsagt isøksa meg, som den skulle. Litt action må til!!
Ei god stund etterpå stod vi på Mesmogtinden, 2264, i sol, vindstille med nok ein fantastisk utsikt!!! Perfekt :D Lårhals merka eg fortsatt lite til. Lenger nede, på hælane, stod det fortsatt bra til. Flott, no var det berre bratt ned nokre høgdemeter til skaret før vi gjekk opp på dagens siste, Store Langedalstind, 2206. Etter 10 timar på tur var vi der, life is good!! :D
Men, breturen ned til teltet igjen vart grusom. Ein tur på eitpar timar vart til 4. Etter kort tid på breen vart det fukt i skoa og compeeden ville ikkje lenger ligge på plass. Difor vart det ein ille tur nedover, med små steg. Det var veldig godt å kome nedatt til telt og sovepose.
Ein vellukka sår-prosedyre, med litt kontrollert blodsøl, gjorde at eg kunne nyte turen nedover til Torfinnsbu, ein perfekt start på årets ferie!!

Om litt skal skruane kome på glas og nye beretninger er i kjømda her. Den dagen skulle etter planen ha komen idag. Men vart utsett litt, til den 26. Så då får vi tru det blir noko meir å skrive om.


fredag 13. september 2013

Fysiologiske beretninger sidan sist.


I august i fjor vart tur-stavane kasta og sekken kom på. Høgdemetrane kunne bli mange og turane vart lengre og kjekkare samtidig som sekken vart tyngre. Framgangen fortsette utover hausten, men ettersom turane vart lengre og lengre, måtte det kome tilbakesteg. Dersom eg gjekk over ei mil, merka eg det godt når eg kom heim. Eg måtte klage mi nød til legen. Sidan det nærma seg årskontroll etter operasjon, vart hospitalet sett på saken. 
Årskontroll, røntgen viste at alt var ok. Kirurgen var fornøgd, men støtta fjerning av skruer sidan eg hadde antyda visse problem. Eg vart sendt opp til dag-kirurgisk avdeling. Etter eit kort møte der oppe vart datoen for fjerning sett til 16.september. Ein liten operasjon på 25 minutt med påfølgande 2 vekers sjukmelding. Eigentleg ingen stor sak. Då blir det å gle seg til det ;)
Aktivitetsnivået var fortsatt høgt. Formen var god. Kollegaer hadde heile tida vore med på tur og gjorde det lett å kome seg ut, uansett vêr. Godt nøgd!!

Skiturar vart det ikkje så mange av, men påsketuren på Glitteregga, 1297, var tung og fantastisk, endelig!! Men føreforholda gjorde då sitt til at det ikkje vart så mykje fart under skia!! Trening på fallteknikk fekk eg derimot!!
Hånndalsvatnet frå Glitteregga.

Kjekt Strandafjellet ikkje ligg så veldig langt heimanfrå ;) 
Tilbake på Utvikfjellet der bloggen starta, 
no på ymse maisnø ned frå Skvaegga.


Skisesongen vart avslutta på Skavegga, med roten maismø under skia.



Våren kom, ofte med dagsturar i fjellheimen ute med kysten. I tåke og regn som i sol. 
2-dagers tur på Gjegnen, 1670moh., med overnatting på Gjegnabu, vart ein fantastisk tur med bror og nevø. Life is good!! 

På veg ned breen igjen etter ein fantastisk tur på Gjegnen :)

torsdag 21. juni 2012

VEKE 17-19: :)


Det har gått 19 veker etter operasjon, og er no endeleg erklært frisk av helsesystemet!! Eg må fortsatt ta omsyn til skaden, men ikkje verre enn at det ikkje legg nokon dempar på livet. Tunge løft er visst ikkje å lurt enno, men det kan eg leve med;)  Lukeparkering er heller ikkje så lurt, men litt vanskelegare å unngå. Det var litt ymse å oppdage at når eg lente meg over på skruane for å sjå bak, vart det skikkeleg vondt. Lukeparkere på speil er eg ikkje vande med, så då var det å bite i pinnen eg ikkje hadde i kjeften og la det stå til ;) Bil vart parkert og etterpå jobbings.
Av logistikkiske  årsaker har eg ikkje prioritert ein litt lenger fjelltur enno, men korte, lave, er jo ikkje å forakte dei heller ;)


Framsteg sidan sist: 
Veke 18 vart ei god veke. Joggetur med stavar, 4km., 
Gå-tur 6km riktig nok med stavhjelp, menmed innlagt kort intervalltrening på til saman 1km utan stavar.  Og endeleg: ´Gå heim frå fest´- tur på fire km og etter litt søvn ut på tur igjen for å finne bil. Godt!!
Gode kjensler som eg ikkje tek som sjølvsagte lenger.

Prøvetur med liten sekk har blitt utsett inntil vidare. I  ettermiddag vann diverre sofaen  kampen, det vart ikkje tur etter tidlegvakt… Ikkje bra, men i morgon er det heldigvis ferie og då vil eg tru overskotet kjem til tur!! Perfekt :)

mandag 28. mai 2012

VEKE 15-16+Pinse: Nye opplevingar!!


Det er med ei god kjensle turane no har blitt lenger, samstundes som eg no også kan gå oppover. Enkelte dagar er faktisk så bra at eg kan gå på jobb, gå ein støylstur og så gå på fest etterpå!! Eg må då diverre innrømme at parketten ikkje freista litt eingong utpå kvelden og rockefoten var definitivt nede for telling. Synet mitt derimot hadde ei heilt anna syn på saka, men kva hjelpte det?? Morro vart det no likevel ;)

Dørstokkmila på Sandane er takka vere Ivar blitt svært liten. Nye grusvegar, som eg ikkje visste om, har vi vitja og farten har auka. Sofalivet får ofte eit opphald når eg er heime på Sandane. Takker, godt nøgd!!

Men å løfte tunge ting er ikkje mi greie enno. Ikkje lett å late vere med det heller, men det kan vere lurt dersom eg vil vere oppegåande.  Jaja alt kan ikkje vere heilt bra enno. Det er ikkje så lenge sidan operasjon.

Pinsa nærma seg med knallvær. Freistinga var difor stor og kanskje prøve ski / truger på Folgefonna. Trekket opp og trugetur til topps og nedatt. Fekk lov til det av fysioterapeuten, men fekk streng beskjed om ikkje å dette!! Kunne eg love henne det?? Skuffelsen var uansett stor når XXL hadde selt ut trugene. OK, prosjektet var kanskje ikkje så lurt likevel, eg tek eit hint.

Pinseferien i Øygarden vart likevel ein høydare med mange store, fantastiske kajakkopplevingar med blikkstille hav. 
 Fantastiske holmar og øyer har eg fått sett frå havet sin vinkel og fått satt min fot på.


Stilige fjellformasjonar som havet har forma til eit flott skue har eg også fått betrakte. Perfekt!! 











Men diverre har tre aktive dagar sin pris, restitusjonsdagar er særs nødvendig. Men sidan kulingen har satt inn øve øyane, går eg ikkje glipp av noko. Flaks. :)

Før pinseferien skulle eg til lege og fysio. Sjukmeldingsperioden var egentleg over, og eg var usikker på om det var lurt av meg å byrje i 100. Resultatet vart ein liten gradert ein fram til ferien min. Eg satsar på at den nesten ikkje blir tatt i bruk. Fysioen var nøgd med kroppen min, så dermed vart det kapittelet avslutta. Ikkje behov for hjelp frå den kanten lenger, alt såg bra ut. Full tiltru til mi eigentrening framover.