torsdag 29. mars 2012

VEKE 7&8: Eit par steg fram


Det her tek litt lenger tid enn det eg hadde tenkt meg. Endå meir venting før jobb og bil. Men det her må gå diverre gå sin seine gong. Det blir uansett kjekt å sjå framgangen no når treningsmengda kan auke.

Det var ei rar kjensle å stole på høgra igjen, ikkje lett. Hodet stola definitivt ikkje på den etter nokre månader med tre og eit halvt bein. Men det lar vel seg endre, det også;) Med litt konsentrasjon går vel det fint!! Det var med ei god kjensle eg tok turen til fysio.
Etter ein halvtime med for meg store utfordringar hadde kome meg nokre små steg fram, bokstavleg tala utan hjelp!!
Dei andre øvingane som eg hadde tatt i forkant gjorde godt i forhold til stega eg tok på slutten av halvtimen. Kjekt å kunne kjenne framgang berre med nokre få øvingar. Veldig motiverande!! Ei treningsøkt om dagen som kan kombinerast med kondisjonstrening på treningssykkel framfor tv´en blir godt. 
Den høgre krykkja er det no ikkje trong for lenger, det tok sju veker!! Piller er det også nesten slutt på. Nesten berre K og D vitaminer no ;)

Dagane går, dei ´meiningslause´ lange dagane i sofaen er snart over. Stega blir fort lengre, utan så mykje vagging, utan så mykje konsentrasjon. Det blir litt gåing mellom sofaen og nødvendige ærend i andre rom i løpet av ein dag. Perfekt å endeleg kunne gjere dette utan hjelp.

Snart blir det ein gå-tur ut, i fyste omgang om lag 500 meter, med krykkje. Om litt blir vel den bytta ut med gåstav.  

søndag 18. mars 2012

VEKE 6: Ting tek tid.


Så vart det fredag, seks veker har gått sidan operasjonen. Dagen som skal gje meg jobb og bilkøyring tilbake er endeleg her :)
Gratistur med buss er eg no blitt vande med, så Helfo-systemet fungerer - som regel… Imponerande. Timen med venting gjekk fort. Trenar ein på noko blir ein også god på det ;) Dei to røntgenbileta som skulle gje meg diverse svar skulle snart tolkast etter ny halvtime med venting.
Kirurgen tok i mot meg og bad meg også ta ein titt på mitt indre. ´Dette går veldig fint!!´ ´Brotet gror akkurat som rekna med´. Eg kan belaste foten så mykje eg klarar og det er ikkje behov for fleire undersøkingar. Flott!! :) Alt går som planlagd, men…´. ´Pokker´. Alltid må eit ´men…´ øydelegge ei positiv melding.
Kort fortalt kom følgjande:
Fortsatt sjukmeld i tre og ei halv veke og sjukmeld i 50 til midten av mai. Bilen kan eg endeleg bruke att i slutten av april. Ikkje akkurat det eg meinte at legen oppe i 7. hadde sagt til meg. Ikkje akkurat det eg hadde håpa på… Vegen vidare blir lenger enn eg hadde innstilt meg på, men no veit eg no korleis det blir. Ingen fleire falske forhåpningar. Eg er komen nesten halvvegs til jobb i 100....

Mitt fysiologiske liv er til å leva med. Kan endeleg prøve å sove slik som eg vil og snu meg som eg vil. Eg kan til og med snu meg mot høgre i ´nattens mulm og mørke´ utan å vakne med ein gong!! Bra.
Har byrja å trimsykle i 5 min. i tillegg til treningsopplegget. Godt nøgd!! Men eg veit det ikkje er vits å overdrive. Dei små stega er viktigast. Diverre er her ingen kjappe snarvegar… Krykkjene må eg nok leve med ei stund til, blir spanande kor tid dei skal arkiverast på Ivahola :) Den dagen blir det nok nokre glas!!
Handledd, armane og venstrefot er no godt trena. Verre er det med kondisen og høgrefot… 
Ting tek tid.

mandag 5. mars 2012

VEKE 5: A tribute to Valborg Hagfelt


Dagane går. Eg trudde aldri eg skulle sakne Valborg Hagfelt. Men det kan hende eg gjer det. Eg ser meg sjølv føre meg nede i salen hennar mens eg ´sveittar´ og smilar i stova. Tanken på ´trimmen´ i lag med trim-venninnene hennar er ein kosteleg tanke. Eg er vande med å jobbe i eit kvinnemiljø, så det hadde ikkje kosta meg mykje å vere ilag med dei. I alle høve dersom ein også tek omsyn til diagnosen.… Der var jo gjennomsnittet :)

Ho forsvann plutselig frå oss ein dag NRK slutta å sende programmet hennar. Eit fast innslag på føremiddagar i NRK sin barndom fram til tidleg 80-tal. Eg har prøvd å finne eit lite klipp, men har diverre ikkje klart det. Difor må eg be dykk om å google henne dersom nokon fortsatt er litt usikre på kven Valborg er. Undersøkje litt sjølve kva denne dama heldt på med i mi barndom. I alle høve veit eg at mange av dei som er yngre enn meg ikkje har peiling på kva eg skriv om.  

Eg er klar over at det ofte er slik at minner frå dei gode gamle NRK-tider ofte har medført ein nedtur. Eg er også klar over at dokke som ikkje har levd så lenge ikkje har det same grunnlaget og dei same tankane som oss gamle har. Eg må innrømme at eg heller ikkje hadde visst så mykje om temaet dersom tilstanden min ikkje hadde endra seg. Uansett, det var tider!! ;)

Det er rart å vere i eit uføre der eg må trekke fram Valborg. Tenk om NRK hadde hatt ein annan versjon av Super, ´Senilkanalen´. Då kunne dei tørke støv av filmrullane til Valborg, og ´vi´ kunne få ein annleis føremiddag med trim og piano-klimpring. Det er ein skam at NRK ikkje har digitalisert programma hennar.  Og det er ein større skam dersom det visar seg at NRK har sletta dei. Tenk om dei har gjort det!! Statskanalen har skuffa før og det skulle ikkje forundre meg om denne kulturskatten er borte for alltid!! 

lørdag 3. mars 2012

VEKE 4; Hemsedal --- NOT :(


Denne veka skulle eg oppleve vinteren sitt høgdepunkt, ein sosial vinterferie i Hemsedal. Men sånn er det å leve, alt går ikkje heilt etter planen. No er original-kalenderen inntil vidare arkivert lengst bak i arkivet. Den som også hadde ein 2k-topp som våren sitt høgdepunkt. Kvifor den ligg lengst bak?? Den skal bli lett å finne igjen når den tid kjem!! Enn så lenge er ny kalender komen opp – men med eit litt anna fokus… Apropos kalender: Vinteren 2013 blir best!!

Rett som det er ligg det no eit brev frå Helse Førde i postkassa. Ein av dei siste var ei endring ein av timane den 16., slik at eg kan ta sjukehusbussen likevel. Imponerande!! Soga seier ingenting om det er fordi dei har sjekka bussruter..

Bruk av høgrefoten er heldigvis nesten automatisert igjen. Kjekt å kunne flytte foten dit eg vil utan å mobilisere stor tankekraft eller hjelpe til med venstra.     
Må fortsatt ta smertestillande, men fornøgd med at det ligg under det eg har lov å ta.
Det største problemet er at det klør i skruane, særleg på natta. Dei få gode sovestillingane som eg no har fått tilbake er ikkje kompatible med å stoppe ein uroleg fot. Fortsatt kjekt med meiningslause spel på mobilen ;)

Treningane går sin gang. Øvingane med slynge på Gamleheimen fungerer fortsatt perfekt!!  Opptreningsøktene på heimebana går betre og betre, og det er ikkje lenger så vonde etter at eine øvinga vart erstatta med ein light-versjon. Satsar på at eg får vekk den så snart som råd.

For å fortsette tragikomedien, har eg då funne hotellet som må vere ein perfekt stad å bu dersom eg tek meg ein Berlin-ferie. Takka vere BT som dukkar opp i kassa fekk eg dette tipset: 
Litt vanskelig å kome seg opp i ei slik seng i mi førebelse tilstand, men det kan jo vere ein motivasjonsfaktor ;) Uansett, godt å vite at det finnast ein slik plass ;)

Ny helg, fint vêr, nyt dagane!!!