Så vart det fredag, seks veker har gått
sidan operasjonen. Dagen som skal gje meg jobb og bilkøyring
tilbake er endeleg her :)
Gratistur med buss er eg no blitt vande
med, så Helfo-systemet fungerer - som regel… Imponerande. Timen med venting
gjekk fort. Trenar ein på noko blir ein også god på det ;) Dei to
røntgenbileta som skulle gje meg diverse svar skulle snart tolkast etter ny
halvtime med venting.
Kirurgen tok i mot meg og bad meg også ta
ein titt på mitt indre. ´Dette går veldig fint!!´ ´Brotet gror akkurat som
rekna med´. Eg kan belaste foten så mykje eg klarar og det er ikkje behov for
fleire undersøkingar. Flott!! :) Alt går som planlagd, men…´. ´Pokker´. Alltid må eit ´men…´
øydelegge ei positiv melding.
Kort fortalt kom følgjande:
Fortsatt sjukmeld i tre og ei halv veke og
sjukmeld i 50 til midten av mai. Bilen kan eg endeleg bruke att i slutten av april.
Ikkje akkurat det eg meinte at legen oppe i 7. hadde sagt til meg. Ikkje
akkurat det eg hadde håpa på… Vegen vidare blir lenger enn eg hadde innstilt
meg på, men no veit eg no korleis det blir. Ingen fleire falske forhåpningar. Eg er komen nesten halvvegs til jobb i 100....
Mitt fysiologiske liv er til å leva med.
Kan endeleg prøve å sove slik som eg vil og snu meg som eg vil. Eg kan til og med
snu meg mot høgre i ´nattens mulm og mørke´ utan å vakne med ein gong!! Bra.
Har byrja å trimsykle i 5 min. i tillegg
til treningsopplegget. Godt nøgd!! Men eg veit det ikkje er vits å overdrive.
Dei små stega er viktigast. Diverre er her ingen kjappe snarvegar… Krykkjene må
eg nok leve med ei stund til, blir spanande kor tid dei skal arkiverast på
Ivahola :) Den dagen blir det nok nokre glas!!
Handledd, armane og venstrefot er no godt
trena. Verre er det med kondisen og høgrefot…
Ting tek tid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar