lørdag 3. mars 2012

VEKE 4; Hemsedal --- NOT :(


Denne veka skulle eg oppleve vinteren sitt høgdepunkt, ein sosial vinterferie i Hemsedal. Men sånn er det å leve, alt går ikkje heilt etter planen. No er original-kalenderen inntil vidare arkivert lengst bak i arkivet. Den som også hadde ein 2k-topp som våren sitt høgdepunkt. Kvifor den ligg lengst bak?? Den skal bli lett å finne igjen når den tid kjem!! Enn så lenge er ny kalender komen opp – men med eit litt anna fokus… Apropos kalender: Vinteren 2013 blir best!!

Rett som det er ligg det no eit brev frå Helse Førde i postkassa. Ein av dei siste var ei endring ein av timane den 16., slik at eg kan ta sjukehusbussen likevel. Imponerande!! Soga seier ingenting om det er fordi dei har sjekka bussruter..

Bruk av høgrefoten er heldigvis nesten automatisert igjen. Kjekt å kunne flytte foten dit eg vil utan å mobilisere stor tankekraft eller hjelpe til med venstra.     
Må fortsatt ta smertestillande, men fornøgd med at det ligg under det eg har lov å ta.
Det største problemet er at det klør i skruane, særleg på natta. Dei få gode sovestillingane som eg no har fått tilbake er ikkje kompatible med å stoppe ein uroleg fot. Fortsatt kjekt med meiningslause spel på mobilen ;)

Treningane går sin gang. Øvingane med slynge på Gamleheimen fungerer fortsatt perfekt!!  Opptreningsøktene på heimebana går betre og betre, og det er ikkje lenger så vonde etter at eine øvinga vart erstatta med ein light-versjon. Satsar på at eg får vekk den så snart som råd.

For å fortsette tragikomedien, har eg då funne hotellet som må vere ein perfekt stad å bu dersom eg tek meg ein Berlin-ferie. Takka vere BT som dukkar opp i kassa fekk eg dette tipset: 
Litt vanskelig å kome seg opp i ei slik seng i mi førebelse tilstand, men det kan jo vere ein motivasjonsfaktor ;) Uansett, godt å vite at det finnast ein slik plass ;)

Ny helg, fint vêr, nyt dagane!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar