onsdag 29. februar 2012

VEKE 4; ...ein digresjon


Ikkje alle kroppslege hendingane desse vekene har sitt utspring i gangelaget. Andre kroppsdelar ville også vere med, difor kjem det her ein liten digresjon.
I byrjinga av laghopprennet i Vikersund på sundag vart eg kvalm. Sidan vart eg kortpusta med bryst- og ryggsmerter og det var ikkje dårleg norsk hopping som var årsaka. Det vart berre verre og verre. Eg måtte til slutt ringte legevakta. Det medførte at ambulansen ville ha seg ein tur opp i Åsen. Etter å ha frakta meg ned til legen var dei visst ikkje nøgd med oppdraget. Legen ville ha meg til Førde. Formen min, etter litt nitro, var jo no betre enn for ein månad sidan!! At det var ein annan lege kan kanskje ha noko med saka å gjere…
Ambulansefolka hadde tydelegvis hatt ei kjedeleg helg, for no var det tid for  action ;)
Plutselig var eg på akutten att. Ingen kjentfolk, eg har jo vore der ganske ofte i det siste, bla. i jobb og anna. Så etter vanleg innsjekkingsprosedyre pluss ein blodgassprøve, morosam prøve å ta iflg. turnuskandidaten - noko eg ikkje var 100% samd i, og røntgen av hjerte og lunger bar det i veg opp i 8.etasje, avd. medisinsk denne gangen. Det går oppover og oppover… og no kjem eg ikkje høgre her ;)
Der var det ingen skjermar med pip – pip – pip, evt. piiiiiiiiiiiiiiiip ;) lenger. Berre ein trådlaus dings som låg ved sidan av meg som sendte signala ned til ein skjerm på intensivavdelinga og oppatt til 8. ved behov.
Kort fortalt enda opphaldet mitt med diagnose; gallestein. Ultralyden dagen etter viste visst funn. Det medfører at eg om ei stund må besøke endå ei ny avdeling, kirurgisk.
Godt eg er sjukmeld frå før ;)

Tragikomedien fortsetter…

1 kommentar: