mandag 5. mars 2012

VEKE 5: A tribute to Valborg Hagfelt


Dagane går. Eg trudde aldri eg skulle sakne Valborg Hagfelt. Men det kan hende eg gjer det. Eg ser meg sjølv føre meg nede i salen hennar mens eg ´sveittar´ og smilar i stova. Tanken på ´trimmen´ i lag med trim-venninnene hennar er ein kosteleg tanke. Eg er vande med å jobbe i eit kvinnemiljø, så det hadde ikkje kosta meg mykje å vere ilag med dei. I alle høve dersom ein også tek omsyn til diagnosen.… Der var jo gjennomsnittet :)

Ho forsvann plutselig frå oss ein dag NRK slutta å sende programmet hennar. Eit fast innslag på føremiddagar i NRK sin barndom fram til tidleg 80-tal. Eg har prøvd å finne eit lite klipp, men har diverre ikkje klart det. Difor må eg be dykk om å google henne dersom nokon fortsatt er litt usikre på kven Valborg er. Undersøkje litt sjølve kva denne dama heldt på med i mi barndom. I alle høve veit eg at mange av dei som er yngre enn meg ikkje har peiling på kva eg skriv om.  

Eg er klar over at det ofte er slik at minner frå dei gode gamle NRK-tider ofte har medført ein nedtur. Eg er også klar over at dokke som ikkje har levd så lenge ikkje har det same grunnlaget og dei same tankane som oss gamle har. Eg må innrømme at eg heller ikkje hadde visst så mykje om temaet dersom tilstanden min ikkje hadde endra seg. Uansett, det var tider!! ;)

Det er rart å vere i eit uføre der eg må trekke fram Valborg. Tenk om NRK hadde hatt ein annan versjon av Super, ´Senilkanalen´. Då kunne dei tørke støv av filmrullane til Valborg, og ´vi´ kunne få ein annleis føremiddag med trim og piano-klimpring. Det er ein skam at NRK ikkje har digitalisert programma hennar.  Og det er ein større skam dersom det visar seg at NRK har sletta dei. Tenk om dei har gjort det!! Statskanalen har skuffa før og det skulle ikkje forundre meg om denne kulturskatten er borte for alltid!! 

2 kommentarer:

  1. Tribute to 'trim for eldre' :-) nynninga si storhetstid! Ååå stans;-)

    SvarSlett
  2. Neidå, du kan sjå alla programma hennar på NRK. Berre søk på trim for eldre och du får sjå den herlege Valborg med sine koselege trimstundar. :)

    SvarSlett