onsdag 29. februar 2012

VEKE 4; ...ein digresjon


Ikkje alle kroppslege hendingane desse vekene har sitt utspring i gangelaget. Andre kroppsdelar ville også vere med, difor kjem det her ein liten digresjon.
I byrjinga av laghopprennet i Vikersund på sundag vart eg kvalm. Sidan vart eg kortpusta med bryst- og ryggsmerter og det var ikkje dårleg norsk hopping som var årsaka. Det vart berre verre og verre. Eg måtte til slutt ringte legevakta. Det medførte at ambulansen ville ha seg ein tur opp i Åsen. Etter å ha frakta meg ned til legen var dei visst ikkje nøgd med oppdraget. Legen ville ha meg til Førde. Formen min, etter litt nitro, var jo no betre enn for ein månad sidan!! At det var ein annan lege kan kanskje ha noko med saka å gjere…
Ambulansefolka hadde tydelegvis hatt ei kjedeleg helg, for no var det tid for  action ;)
Plutselig var eg på akutten att. Ingen kjentfolk, eg har jo vore der ganske ofte i det siste, bla. i jobb og anna. Så etter vanleg innsjekkingsprosedyre pluss ein blodgassprøve, morosam prøve å ta iflg. turnuskandidaten - noko eg ikkje var 100% samd i, og røntgen av hjerte og lunger bar det i veg opp i 8.etasje, avd. medisinsk denne gangen. Det går oppover og oppover… og no kjem eg ikkje høgre her ;)
Der var det ingen skjermar med pip – pip – pip, evt. piiiiiiiiiiiiiiiip ;) lenger. Berre ein trådlaus dings som låg ved sidan av meg som sendte signala ned til ein skjerm på intensivavdelinga og oppatt til 8. ved behov.
Kort fortalt enda opphaldet mitt med diagnose; gallestein. Ultralyden dagen etter viste visst funn. Det medfører at eg om ei stund må besøke endå ei ny avdeling, kirurgisk.
Godt eg er sjukmeld frå før ;)

Tragikomedien fortsetter…

lørdag 25. februar 2012

VEKE 3



Eg slår augene opp, endeleg er det blitt 16.mars!! I dag skal eg friskmeldast etter røntgen og legevitjing. Foten fungerer!! Å neida, eg vaknar alltid som vanleg med eit lår som ikkje fungerar og ein fot som ikkje lystrar. Innhaldet om morgonen blir i staden for eit meiningsfullt liv på jobb eller på ski, kaffi - avislesnad - kaffi og avislesnad…. Godt eg har venar og mamsen som delar ut mengder med tidningar og kaffi til meg på morgonkvisten :) Takker!! Godt Lysskybakken ikkje gjer jobben slik at eg får noko å lese på!!

Lufteturar på bygda skjer heldigvis ganske ofte. Godt og nødvendig!! For å kome seg ut, må eg då ha hjelp sidan eg har fått køyreforbod. Så når vêret og føret er dårlig, går ´originaldrosja´. Kjekt å bli fylgt til døra etter eit par glas, ikkje mange som blir det!! ´Piratdrosjene´ går dersom vêret og føret er ok. Sørvisen er alltid perfekt, uansett transportmiddel :)
Frikort har dukka opp for fyste gong i mi postkasse – og det i februar!! Men den lappen ville eg sjølvsagt vore forutan. Det har kosta, men heldigvis eg veit at ein gong i nær framtid treng eg den ikkje lenger!!  

Med låret går det som regel framover. Ein kveld utfordra eg skjebnen med å lukte på laminatet igjen. Foten tålte i alle høve ikkje vekta av resten av meg. Bra og vondt. Eg trur det gjekk greitt utan steg tilbake.
Pillene blir det mindre og mindre trong for, men likevel diverre viktige!!  
Onsdag var det gått 18 dagar sidan operasjon, eller postoperativt som det på fint heiter, så då var det dags for å ta vekk stinga. Eit steg vidare...
Gamleheimstreninga på tirsdag var vond i starten på kvar øving. Men smerten gav seg etter kort tid. Sidan det fortsatt er smertefullt med eigentrening, medfører dette at det programmet ikkje lar seg gjennomføre i sin heilskap enno. Eg fekk difor innvilga Gamleheimstrening på fredagane også. Godt nøgd!! Perfekt at treninga no på fredag var utan smerter og at ´gåing´ i trapper går fint. Vegen attende har ikkje lenger så mange svingar.

Tilbake til den 16. Då er det den store kontroll-dagen. Avdelingane har klart å prate seg imellom, så den dagen går slag i slag frå kl.11. Men eg vil likevel nemne at fyste legevitjing skal skje 20 min før sjukehusbussen kjem fram. Sidan det er litt vanskelig med piratdrosje den dagen, må det bli buss dagen før…       

tirsdag 21. februar 2012

VEKE 1; siste del og VEKE 2


Det vart ei grei siste treningsøkt på sjukehuset. Godt å få mjuka opp høgrefoten med hjelp av slynge. Økta vart avslutta med å vise øvingar eg skal gjere sjølv når eg kjem heim. Så vart eg trilla oppatt av ein portør som hadde trilla på ´oss´ i 15 år, og den portøren på huset med lengst ansiennitet har trilla i 30 år, imponerande!!!
Drosja skulle hente meg i 3-tida, den kom halv 5 og ein ymse dag gjekk sin gong, men sosialt sett vart den bra ;)
Startpakka venta på meg på Gamleheimen, så drosja køyrde via og henta. Heime. Startpakka inneheldt dosete, klossar til å heve bord og ei klo til å hente det som måtte dette på golvet. Trongen var fråverande.

Klexine vart som alle sa ingen problem å ta, heldigvis. To og ei halv veke med den går fint!! Puh.
Det vart ein sløv torsdag sidan eg valte å hive innpå med Pinex forte. Nedtrapping tek eg seinare, må ha det litt smertefritt i starten.

Fredagsmorgonen kom, drosje 0750 var tidleg sidan TTT, men motiverande :) Gamleheimen ventar. Der skulle to fysioterapistudentar danne seg eit bilete kva eg klarar og treng av trening.  Grei økt, men smerta auka utover dagen. Likte det dårleg, eg burde no klare sopass.

Eg gjekk er sosial helg i møte og heldigvis gledelege innslag av fotballkampar. Godt og godt med kjøkkenhjelp!!

Tirsdag var det tid for ny treningsøkt. Gjekk igjennom treningsopplegget mitt dei neste vekene. Det blir ei stund til eg kan gjennomføre den i sin heilskap, vondt.

Rart å måtte legge lista for små høgdepunkt på eit anna plan. Ikkje som i  oppturbøkene, men mellom anna å kome seg over høge dørstokkar. Høgrebeinet fyst, utan å måtte  konsentrere seg så mykje. …og sånn går no dagane.

onsdag 15. februar 2012

VEKE 1: Sjukehusopphaldet, del 4


Det gjekk mot slutten av opphaldet. I morgon, onsdag, skulle eg heim igjen. Skruane var på plass, treninga var i gong og det var ikkje lenger nødvendig å ta omsyn til smertene. Piller og stikka kan eg ta heime, i alle fall pillene ;) Det var ingen grunn til å vere her lenger. No var det berre enkelte praktiske ting som måtte ordnast. Hjelpemiddelsentralen på Gamleheimen måtte kontaktast. Eg hadde ikkje peiling på kva hjelpemiddel eg hadde trong for. Formen min var jo no mykje betre enn før eg reiste til Førde!! Trengte eg eigentleg noko som helst?? Vi diskuterte saken og eg enda opp med ´Startpakka´. Fekk ikkje heilt med meg kva det var som var i den, men det var vel noko lurt som eg sikkert ikkje hadde brukt for. ;)
Så var det å prøve og få tak i fysioterapeut. 1.valget på Firda Fysikalske hadde ledig time i midten av mai og hos Rosø var det like gale. Då måtte det bli den kommunale. Eg hadde fått nokre meldingar om at eg no måtte på Gamleheimen på opptrening. Dette lo eg berre av, ikkje aktuelt!! No var der ingen andre alternativ… Eg sukka og tok telefonen. Der fekk eg vite at det var inntaksmøte på torsdag, så eg kunne berre sende ein søknad. Eg måtte då fortelje vedkomande at det ikkje var det eg hadde i tankane mine. (sjølv om eg har eit brot på ein plass som har ein dødelegheit på 20-30%...)
Uansett måtte Gamleheimen få besøk av meg fredag morgon.

Hinking på krykkjene var erstatta med sakte gåing sidan eg no kunne belaste foten med 20 - max 30 kg. Det er jo eigentleg ganske mykje!!, på meg. ;)
Gåinga gjekk seinare, men eg har jo no god tid. Bra å endeleg kunne få bruke høgrefoten igjen!! Men det var vondt å flytte på seg i dag. Særleg frå liggande til ståande stilling. Eg må prøve å styre treninga litt betre. Hadde nok tatt i litt for mykje i dag tidleg. Difor var det godt å berre ligge i ro og vere sosial saman med dei andre på rommet.

Det var begynt å bli alvorleg lenge sidan ein dusj. Det måtte eg få gjort før eg reiste heim. Kvelden kom, og eg fekk råd om at eg måtte be om hjelp til det. Det er dumt å la ein slik sjanse gå frå seg!! Eg meinte no at det kunne bli ei pinleg stund. Fekk berre til svar at det ville bli pinlegare for meg dersom det ikkje skjedde noko (som eg meinte var pinleg). Sjømenn…

Etter god opplæring ved kveldsstikket fekk eg tru på at detta kunne eg få til. Nåla var jo tynn og det var jo heller ikkje så vondt. Det er nok berre ei lita sperre i haudet mitt. Detta skal eg klare!! Natta kom, og vondten vart verre. Heldigvis har sjukehus noko ein kan ta for slikt. Sikkert ei skikkeleg moropille i ein annan setting ;) for smerten forsvann med ein gong og medførte lite søvn.

Som vanleg var morgonen travel. Kl.9 skulle eg innom øyre-, nase-, halsavd. Timen var blitt flytta sidan eg låg no her på huset. Det var ikkje nødvendig med portør, så eg måtte kome meg dit i ein knabba rullestol. Behandlinga gjekk fint. Då den var over fekk eg vite eg skulle kome tilbake til kontroll når eg skulle kontrollere brotet om 6 veker. Vi ordnar det!! Javel, eg prøvde å seie noko fornuftig. ”Skal ikkje eg seie ifrå til dokke når eg har fått den andre timen??”, Fekk ”Nei” til svar. Han måtte gjenta: ”Vi fiksar det”. Eg var imponert!! Går detta an?? Tida vil no vise om det skjer…
Så var det å rulle attende til rommet, få i meg frokost, for så å legge meg nedpå før portøren kom for å trille meg ned til treninga kl.10 ;)

mandag 13. februar 2012

VEKE 1: Sjukehusopphaldet, del 3



Endeleg byrja ting å skje. Mykje skulle gjerast før trening kl. 10. Bra!! Det slappe livet er verkeleg å forakte!! Endeleg skulle eg få lov til å gå inn på naborommet. Ubehagelege dagar var no over. Heldigvis var det kjapt gjort å fjerne saken og inkje trong for bedøvingsgele denne gongen. Meiner no eigentleg at det ikkje var trong for det då dei sette den på heller, har no litt kontroll!! Men det kan jo hende det var for smerta sin del dei gjorde det. ;) Eg ikkje veit.
Så var det tid for piller, mat, kaffi (kan jo ikkje trene på tom mage) og trening. Men pokker, eg treng treningskle!! Typisk at det alltid skal vera noko eg ikkje har tenkt på. No blir det visst trening i helsepysjen. Jaja, godt at eg av og til lever etter livsmottoet: ”Det er ikkje så nøye med noko som helst!!”
Portør dukka opp, så bar det i veg. Innrømmer gjerne at det var ein litt slapp måte å kome seg på trening på ;) Men så var eg vel også litt slapp på det tidspunktet.
Liggande i senga vart høgrefoten heist opp etter ei slynge, vondt. Så skulle eg vri den så langt eg karte mot høgre, vondt. Men litt etter kvart gav smertene seg og eg klarte å vri foten meir og meir!! Ikkje så veldig langt akkurat, men detta gjekk fint!! Neste øving: Presse kneet mot magen med foten fortsatt heist opp i tauverket, vondt. Men det gav seg, BRA!! Siste øving: Løfte foten opp, med støtte under kneet, og halde den der i 2 sek. før eg tok den roleg ned igjen. Heldigvis berre litt vondt!! Etter omlag ein time vart eg godt nøgd trilla inn igjen på rommet. Ei ny seng stod ved sidan av mi, og dei hadde funne tonen, perfekt!! Ingen svake!! No var vi ein fin gjeng frå 42 – 83. Galgenhumor er godt når dagane er slik dei er!! Særleg når det seinare på dagen viste seg at det var slutt på morfinpillane. ;) Perfekt ´timing´!! Heldigvis var no det stille, kjedelege opphaldet over!!

I løpet av helga hadde eg hatt nokre ymse opplevingar. ´Systrene´ gjorde jo med meg det eg gjer på jobb. Medførte litt småhumring for meg sjølv… Kanskje ikkje heilt bortkasta å ligge her likevel ;)
Sårstell var det neste som skulle skje. Etter at dei hadde skrudd skruane på plass, sydde dei meg igjen med ein polstra bandasjelapp oppå. No skulle den skiftast. Ikkje så veldig interessant å sjå eit sårskift, men eg fekk no vite at stinga skulle takast etter 18 dagar... 

Om kvelden fekk eg angst og otte. Eg hadde fått sprøyte i magen mot blodpropp, Klexane, sidan operasjonen og eg hadde ikkje ofra ein tanke på at eg skulle fortsette med det etter opphaldet i Førde. 
Sjølvsagt skulle eg fortette med det!! Eg var skeptisk. Men dersom eg ikkje fekk det til, kunne eg få det i pilleform. Pillene er då sjølvsagt ikkje å få på blå resept sidan eg berre har operert inn skruar. OK, då er det eigentleg berre eit spørsmål om pris… …som viste seg å vere om lag 300.- pr. veke i 2-5 veker etter operasjon. Lettare vart det ikkje når eg fekk vite at detta ikkje var noko problem. Alle får til detta!! I løpet av natta kom ein tanke, kva med heimesjukepleien?? Prøvde å ikkje ta problemet på forskot. 
Ny travel morgon og mykje skulle skje før trening, og i dag skulle eg ned kl.9!! I tillegg til det vanlege måtte eg kome meg på naborommet, stelle meg litt og få kledd på meg treningskle som Liv hadde kjøpt til meg. Alt tek lang tid for tida, så det vart trening på tom mage. Øvingane som i går, men med lengre økter. Godt!! Fint å få positive tilbakemeldingar med ein gong!!

lørdag 11. februar 2012

VEKE 1: Sjukehusopphaldet, del 2


Eg har gløymt å skrive om ein ting, besøk. Kjekt og særs nødvendig at det var nokre brør som kunne supplere litt. Det var ikkje så mykje som var i posen eg fekk med meg gjennom vinduet i drosja. Hadde jo omtrent bare hugsa på å få med meg tannkost og telefonlader.

På trass av besøk, hadde eg fortsatt vondt i skruane og muskulaturen min var fortsatt ikkje god. Eg hadde enno ikkje flytta høgrefoten utan hjelp frå den venstre, eller krykkja, sidan fallet. Det er ei rar kjensle å ville løfte foten, men ikkje få det til. Før operasjonen var det haudet som ikkje ville lystre på grunn av frykt for å få vondt. No ville haudet, men no hadde eg ikkje kraft nok i foten til å flytte den. Det skal ikkje så mykje til før musklar dør, og det skulle heldigvis ikkje så mykje til før dei stod opp att frå dei døde. Også ein grunn til vondtene og mitt muskellause lår trur eg har med at eg ikkje hadde vore ute av senga sidan operasjonen. Til og med nødvendige besøk i naborommet var ikkje så nødvendig lenger. Ei syster meinte eg no opplevde ein ´one time experience´ når to systre fiksa det på oppvakninga etter operasjonen. Den kommentaren lot eg vere å kommentere…….

Ei ny natt og nye opplevingar var i emning. Ein ting er uansett sikkert, det er ei ok oppleving når virketida på dopet begynner med ein gong!! Takk!! Eg sovna att og heldigvis var det slutt på antibiotikakuren, så ingen vekking i 5 tida for dråper i blodet.

Mandag og kvardag. Det var to systre og ei studine på vakt sundagsmorgonen. Det var 23 av oss som ikkje kunne ta vare på oss sjølve på avdelinga. No er det mandagsmorgon og det kryr av dei!! Flott!!  

VEKE 1: Sjukehusopphaldet, del 1


Grunnen til at eg har skrive forord, og at dette ikkje er veke to, har sin naturlege forklaring. Ortopeden på Eid sa det så enkelt. "Dersom du hadde blitt sendt i røntgen forrige laurdag, hadde du vore på beina att no." Ei meiningslaus veke i helvete er over, men då er det jo berre ei veke igjen til eg kjem meg på beina ;)  
Utredninga på akutten i Førde gjekk sin gang. Rikeleg med blod vart tappa og EKG ville dei ha. Dei hadde også planar om å operere same kvelden sidan eg hadde gått så lenge med brotet. Men eg hadde då falt for freistinga og drukke ein liten kopp kaffi og ete eit lite kakestykke på Eid. Trur det var grunnen til at operasjonen vart utsett til neste dag. Portøren trilla meg opp i 7., kveldsen servert og fredagen avslutta med ein pille-cocktail. Det var tid for faste. Natt på sjukehus medfører lite søvn, sjølv i ei salig pillerus. Det er alltid ein som må ha hjelp, eller så er det meg sjølv. Godt med mobil som ein kan spele på, og ladar!! 
Lørdagen begynte tidlig, men diverre ”no soup for me”. I 10-tida vart eg trilla ned i kjellaren, klar for operasjon. Operasjonen gjekk ut på å skru i det eg trur er to olmed-skruer i låret for støtte. 
Noko liknande som dette.

Men skulle eg velge epidural eller full pakke? Valget var mitt. Tanken på ´å kike på´ var freistande. Føler at eg har ein liten form for kontroll då. Men då måtte eg også ta epidural, og det hadde jo gått gale for ei som var med i ”Ingen grenser.” Samstundes hadde eg ikkje sove så mykje. Det vart full pakke. Ny pille-cocktail og to innpust i oksygenmaska var nok. Borte vekk var eg. Vakna igjen etter nokre timar, alle rundt meg var godt nøgde med jobben. Det var tid for sløving og venting på at kroppslege organ skulle virke normalt. Det skulle ta sin tid… ;)

Endeleg var tida komen. Trilling opp på rommet, mat og kaffi!! Ein av dei som låg på rom med meg var ein gamal, særs sjuk og svak mann. Hadde mykje vondt, tålte ikkje lyder og såg lite. Kjeft fekk eg ofte fordi eg snakka litt i telefonen. Ekstra håplaust vart det når han vekte meg når eg endeleg hadde sovna fordi eg måtte trekke i ”den raude systersnora” for han. Batteriet på mobilen var fullt og klar til å bli lada ut att, mens dei snorka rundt meg. Men systrene slapp no å vekke meg når antibiotikaen skulle i blodet, temperaturen takast og blodet tappa. Tankane på korleis eg skulle formulere meg med tanke på min frustrasjon overfor den sjuke og svake løyste seg på enklaste måte. Han forsvann ut døra på veg til einerom utpå sundagen!! Trur systrene forstod litt...
Operasjonen måtte dokumenterast, nytt røntgenbilde var difor også eindel av opplegget i dag. Skulle bli kjekt å sjå kva som var blitt gjort. Ein salig søndag i morfinrus gjekk sin gang... I morgon skulle eg endelig starte opptrening!! 

torsdag 9. februar 2012

Forord

Sola skin, fjellet lokkar - og idag skal eg lære å føre sitski :) Ei kjekk og veldig nyttig kompetanse for meg å få!! Berre eit par turar for meg sjølv fyst med litt fartstrening ;) Denne dagen blir perfekt!! 
Fyste svingen er ofte den verste, kroppen er visst ikkje heilt klar for det som kjem. Det viste seg i alle høve for meg denne vinteren. Den seine nedoverskisesongopninga hadde kanskje sitt å seie for den rustne starten. I alle høve datt eg i første sving. Reiste meg så opp med intense smerter i låret. Eg prøvde å kome meg ned bakken - ingen sjanse!! Min bror ringte mens eg prøvde å finne telefonnr. til skisenteret. Han ringte for meg, vondtgodt å køyre snøskuter nedatt. Etter litt ventetid kom hjelpa. Dei gjorde sine nødvendige gjeremål før dei binda meg fast i ein stol og frakta meg til ambulansen, skjebnens ironi ;) Måtte smile for meg sjølv mens eg banna i smerte. Dei køyrde meg så heim att via legesenteret og paralgin forte. Bil og ski måtte eg no få kontrollen på. Tusen takk for praktisk nødvendig hjelp Ivar og Inger Lise!!
Dagane gjekk, vokabularet mitt var smalt og kraftig. Smertene ga seg ikkje og Paralvin, piller og vin, vart godt for søvnen!! Etter å ha terrorisert mamsen med mitt eintydige språk kvar gang eg skulle røre på meg, var fredagen komen og legetime!! Legen var godt nøgd med progresjonen… men sendte meg likevel i røntgen, på Eid, for å avkrefte mistanken om brot. Fantastisk!!, så slapp eg å krevje det. 
Fredagsettermiddag er visst ei fin tid å bone golv på. Noko eg fekk studere nærare når eg kom fram til Eid ved hjelp av mine snøglatte krykkjer. Fallet gjekk heldigvis føre seg utan smerter - puh. Medførte då sjølvsagt litt oppstandelse… og rullestol. Røntgen og CT stadfesta det som legen ville ha avkrefta. Eit brot på lårhalsen.
Sidan eg hadde gått inn og ut av bil i ei veke, fann legen ut at det ikkje var nødvendig med sjukebil. Så eg venta - og venta på at ei drosje hadde tid til å få meg til Førde. Endeleg kunne eg hinke meg inn på akutten, godt nøgd med å få ei seng og piller å kvile på.