torsdag 9. februar 2012

Forord

Sola skin, fjellet lokkar - og idag skal eg lære å føre sitski :) Ei kjekk og veldig nyttig kompetanse for meg å få!! Berre eit par turar for meg sjølv fyst med litt fartstrening ;) Denne dagen blir perfekt!! 
Fyste svingen er ofte den verste, kroppen er visst ikkje heilt klar for det som kjem. Det viste seg i alle høve for meg denne vinteren. Den seine nedoverskisesongopninga hadde kanskje sitt å seie for den rustne starten. I alle høve datt eg i første sving. Reiste meg så opp med intense smerter i låret. Eg prøvde å kome meg ned bakken - ingen sjanse!! Min bror ringte mens eg prøvde å finne telefonnr. til skisenteret. Han ringte for meg, vondtgodt å køyre snøskuter nedatt. Etter litt ventetid kom hjelpa. Dei gjorde sine nødvendige gjeremål før dei binda meg fast i ein stol og frakta meg til ambulansen, skjebnens ironi ;) Måtte smile for meg sjølv mens eg banna i smerte. Dei køyrde meg så heim att via legesenteret og paralgin forte. Bil og ski måtte eg no få kontrollen på. Tusen takk for praktisk nødvendig hjelp Ivar og Inger Lise!!
Dagane gjekk, vokabularet mitt var smalt og kraftig. Smertene ga seg ikkje og Paralvin, piller og vin, vart godt for søvnen!! Etter å ha terrorisert mamsen med mitt eintydige språk kvar gang eg skulle røre på meg, var fredagen komen og legetime!! Legen var godt nøgd med progresjonen… men sendte meg likevel i røntgen, på Eid, for å avkrefte mistanken om brot. Fantastisk!!, så slapp eg å krevje det. 
Fredagsettermiddag er visst ei fin tid å bone golv på. Noko eg fekk studere nærare når eg kom fram til Eid ved hjelp av mine snøglatte krykkjer. Fallet gjekk heldigvis føre seg utan smerter - puh. Medførte då sjølvsagt litt oppstandelse… og rullestol. Røntgen og CT stadfesta det som legen ville ha avkrefta. Eit brot på lårhalsen.
Sidan eg hadde gått inn og ut av bil i ei veke, fann legen ut at det ikkje var nødvendig med sjukebil. Så eg venta - og venta på at ei drosje hadde tid til å få meg til Førde. Endeleg kunne eg hinke meg inn på akutten, godt nøgd med å få ei seng og piller å kvile på.

1 kommentar:

  1. Hr Lårhals
    Eg er ei gjente i min beste alder, så bra at ungane rundt meg kallar meg besta. No når eg har vore i einsemda nokre år, kjenner eg at trongen for mannebein etterkvart har vorte sterkare. Spørsmålet mitt er då, vart det att nokre beinrestar etter brotet, eller lyt eg fortsatt sitje her i einsemda utan eitt einaste mannebein?
    Venleg helsing
    Hjørdis

    SvarSlett