Eg slår augene opp, endeleg er det blitt
16.mars!! I dag skal eg friskmeldast etter røntgen og legevitjing. Foten
fungerer!! Å neida, eg vaknar alltid som vanleg med eit lår som ikkje fungerar og ein fot som ikkje lystrar.
Innhaldet om morgonen blir i staden for eit meiningsfullt liv på jobb eller på ski, kaffi -
avislesnad - kaffi og avislesnad…. Godt eg har venar og mamsen som delar ut
mengder med tidningar og kaffi til meg
på morgonkvisten :) Takker!! Godt Lysskybakken ikkje gjer jobben slik at eg får noko å
lese på!!
Lufteturar på bygda skjer heldigvis ganske
ofte. Godt og nødvendig!! For å kome seg ut, må eg då ha hjelp sidan eg har
fått køyreforbod. Så når vêret og føret er dårlig, går ´originaldrosja´. Kjekt
å bli fylgt til døra etter eit par glas, ikkje mange som blir det!! ´Piratdrosjene´
går dersom vêret og føret er ok. Sørvisen er alltid perfekt, uansett
transportmiddel :)
Frikort har dukka opp for fyste gong i mi
postkasse – og det i februar!! Men den lappen ville eg sjølvsagt vore forutan.
Det har kosta, men heldigvis eg veit at ein gong i nær framtid treng eg den
ikkje lenger!!
Med låret går det som regel framover. Ein
kveld utfordra eg skjebnen med å lukte på laminatet igjen. Foten tålte i alle
høve ikkje vekta av resten av meg. Bra og vondt. Eg trur det gjekk greitt utan
steg tilbake.
Pillene blir det mindre og mindre trong
for, men likevel diverre viktige!!
Onsdag var det gått 18 dagar sidan
operasjon, eller postoperativt som det på fint heiter, så då var det dags for å
ta vekk stinga. Eit steg vidare...
Gamleheimstreninga på tirsdag var vond i
starten på kvar øving. Men smerten gav seg etter kort tid. Sidan det fortsatt er smertefullt med eigentrening, medfører dette at det programmet ikkje
lar seg gjennomføre i sin heilskap enno. Eg fekk difor innvilga Gamleheimstrening på fredagane også.
Godt nøgd!! Perfekt at treninga no på fredag var utan smerter og at ´gåing´ i trapper går fint. Vegen attende har ikkje lenger så mange svingar.
Tilbake til den 16. Då er det den store
kontroll-dagen. Avdelingane har klart å prate seg imellom, så den dagen går slag
i slag frå kl.11. Men eg vil likevel nemne at fyste legevitjing skal skje 20
min før sjukehusbussen kjem fram. Sidan det er litt vanskelig med piratdrosje
den dagen, må det bli buss dagen før…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar