Det vart ei grei siste treningsøkt på
sjukehuset. Godt å få mjuka opp høgrefoten med hjelp av slynge. Økta vart
avslutta med å vise øvingar eg skal gjere sjølv når eg kjem heim. Så vart eg
trilla oppatt av ein portør som hadde trilla på ´oss´ i 15 år, og den portøren på
huset med lengst ansiennitet har trilla i 30 år, imponerande!!!
Drosja skulle hente meg i 3-tida, den kom
halv 5 og ein ymse dag gjekk sin gong, men sosialt sett vart den bra ;)
Startpakka venta på meg på Gamleheimen, så
drosja køyrde via og henta. Heime. Startpakka inneheldt dosete, klossar til å
heve bord og ei klo til å hente det som måtte dette på golvet. Trongen var
fråverande.
Klexine vart som alle sa ingen problem å
ta, heldigvis. To og ei halv veke med den går fint!! Puh.
Det vart ein sløv torsdag sidan eg valte å
hive innpå med Pinex forte. Nedtrapping tek eg seinare, må ha det litt
smertefritt i starten.
Fredagsmorgonen kom, drosje 0750 var
tidleg sidan TTT, men motiverande :) Gamleheimen
ventar. Der skulle to fysioterapistudentar danne seg eit bilete kva eg klarar
og treng av trening. Grei økt, men
smerta auka utover dagen. Likte det dårleg, eg burde no klare sopass.
Eg gjekk er sosial helg i møte og
heldigvis gledelege innslag av fotballkampar. Godt og godt med kjøkkenhjelp!!
Tirsdag var det tid for ny treningsøkt.
Gjekk igjennom treningsopplegget mitt dei neste vekene. Det blir ei stund til
eg kan gjennomføre den i sin heilskap, vondt.
Rart å måtte legge lista for små
høgdepunkt på eit anna plan. Ikkje som i
oppturbøkene, men mellom anna å kome seg over høge dørstokkar.
Høgrebeinet fyst, utan å måtte
konsentrere seg så mykje. …og sånn går no dagane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar