Grunnen til at eg har skrive forord, og at dette ikkje er veke to, har sin naturlege forklaring. Ortopeden på Eid sa det så enkelt. "Dersom du hadde blitt sendt i røntgen forrige laurdag, hadde du vore på beina att no." Ei meiningslaus veke i helvete er over, men då er det jo berre ei veke igjen til eg kjem meg på beina ;)
Utredninga på akutten i Førde gjekk sin gang. Rikeleg med blod vart tappa og EKG ville dei ha. Dei hadde også planar om å operere same kvelden sidan eg hadde gått så lenge med brotet. Men eg hadde då falt for freistinga og drukke ein liten kopp kaffi og ete eit lite kakestykke på Eid. Trur det var grunnen til at operasjonen vart utsett til neste dag. Portøren trilla meg opp i 7., kveldsen servert og fredagen avslutta med ein pille-cocktail. Det var tid for faste. Natt på sjukehus medfører lite søvn, sjølv i ei salig pillerus. Det er alltid ein som må ha hjelp, eller så er det meg sjølv. Godt med mobil som ein kan spele på, og ladar!!
Lørdagen begynte tidlig, men diverre ”no soup for me”. I 10-tida vart eg trilla ned i kjellaren, klar for operasjon. Operasjonen gjekk ut på å skru i det eg trur er to olmed-skruer i låret for støtte.
Noko liknande som dette.

Men skulle eg velge epidural eller full pakke? Valget var mitt. Tanken på ´å kike på´ var freistande. Føler at eg har ein liten form for kontroll då. Men då måtte eg også ta epidural, og det hadde jo gått gale for ei som var med i ”Ingen grenser.” Samstundes hadde eg ikkje sove så mykje. Det vart full pakke. Ny pille-cocktail og to innpust i oksygenmaska var nok. Borte vekk var eg. Vakna igjen etter nokre timar, alle rundt meg var godt nøgde med jobben. Det var tid for sløving og venting på at kroppslege organ skulle virke normalt. Det skulle ta sin tid… ;)
Endeleg var tida komen. Trilling opp på rommet, mat og kaffi!! Ein av dei som låg på rom med meg var ein gamal, særs sjuk og svak mann. Hadde mykje vondt, tålte ikkje lyder og såg lite. Kjeft fekk eg ofte fordi eg snakka litt i telefonen. Ekstra håplaust vart det når han vekte meg når eg endeleg hadde sovna fordi eg måtte trekke i ”den raude systersnora” for han. Batteriet på mobilen var fullt og klar til å bli lada ut att, mens dei snorka rundt meg. Men systrene slapp no å vekke meg når antibiotikaen skulle i blodet, temperaturen takast og blodet tappa. Tankane på korleis eg skulle formulere meg med tanke på min frustrasjon overfor den sjuke og svake løyste seg på enklaste måte. Han forsvann ut døra på veg til einerom utpå sundagen!! Trur systrene forstod litt...
Operasjonen måtte dokumenterast, nytt røntgenbilde var difor også eindel av opplegget i dag. Skulle bli kjekt å sjå kva som var blitt gjort. Ein salig søndag i morfinrus gjekk sin gang... I morgon skulle eg endelig starte opptrening!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar