Eg har gløymt å skrive om ein ting, besøk. Kjekt og særs nødvendig at det var nokre brør som kunne supplere litt. Det var ikkje så mykje som var i posen eg fekk med meg gjennom vinduet i drosja. Hadde jo omtrent bare hugsa på å få med meg tannkost og telefonlader.
På trass av besøk, hadde eg fortsatt vondt i skruane og muskulaturen min var fortsatt ikkje god. Eg hadde enno ikkje flytta høgrefoten utan hjelp frå den venstre, eller krykkja, sidan fallet. Det er ei rar kjensle å ville løfte foten, men ikkje få det til. Før operasjonen var det haudet som ikkje ville lystre på grunn av frykt for å få vondt. No ville haudet, men no hadde eg ikkje kraft nok i foten til å flytte den. Det skal ikkje så mykje til før musklar dør, og det skulle heldigvis ikkje så mykje til før dei stod opp att frå dei døde. Også ein grunn til vondtene og mitt muskellause lår trur eg har med at eg ikkje hadde vore ute av senga sidan operasjonen. Til og med nødvendige besøk i naborommet var ikkje så nødvendig lenger. Ei syster meinte eg no opplevde ein ´one time experience´ når to systre fiksa det på oppvakninga etter operasjonen. Den kommentaren lot eg vere å kommentere…….
Ei ny natt og nye opplevingar var i emning. Ein ting er uansett sikkert, det er ei ok oppleving når virketida på dopet begynner med ein gong!! Takk!! Eg sovna att og heldigvis var det slutt på antibiotikakuren, så ingen vekking i 5 tida for dråper i blodet.
Mandag og kvardag. Det var to systre og ei studine på vakt sundagsmorgonen. Det var 23 av oss som ikkje kunne ta vare på oss sjølve på avdelinga. No er det mandagsmorgon og det kryr av dei!! Flott!!
Ja Trondn - Du får halde deg til vanlege skiturar heretter, gjerne saman med røynde turfolk som underteikna og din bror (Ivar). Gledar meg til å kome på besøk i morgon. tek med bøker og avis so får vi snakkast!
SvarSlettEr spent på kva fokus du har i del 3... Ser, som Rune, fram til å få deg med på tur att B-)
SvarSlett