Endeleg byrja ting å skje. Mykje skulle gjerast før trening kl. 10. Bra!! Det slappe livet er verkeleg å forakte!! Endeleg skulle eg få lov til å gå inn på naborommet. Ubehagelege dagar var no over. Heldigvis var det kjapt gjort å fjerne saken og inkje trong for bedøvingsgele denne gongen. Meiner no eigentleg at det ikkje var trong for det då dei sette den på heller, har no litt kontroll!! Men det kan jo hende det var for smerta sin del dei gjorde det. ;) Eg ikkje veit.
Så var det tid for piller, mat, kaffi (kan jo ikkje trene på tom mage) og trening. Men pokker, eg treng treningskle!! Typisk at det alltid skal vera noko eg ikkje har tenkt på. No blir det visst trening i helsepysjen. Jaja, godt at eg av og til lever etter livsmottoet: ”Det er ikkje så nøye med noko som helst!!”
Portør dukka opp, så bar det i veg. Innrømmer gjerne at det var ein litt slapp måte å kome seg på trening på ;) Men så var eg vel også litt slapp på det tidspunktet.
Liggande i senga vart høgrefoten heist opp etter ei slynge, vondt. Så skulle eg vri den så langt eg karte mot høgre, vondt. Men litt etter kvart gav smertene seg og eg klarte å vri foten meir og meir!! Ikkje så veldig langt akkurat, men detta gjekk fint!! Neste øving: Presse kneet mot magen med foten fortsatt heist opp i tauverket, vondt. Men det gav seg, BRA!! Siste øving: Løfte foten opp, med støtte under kneet, og halde den der i 2 sek. før eg tok den roleg ned igjen. Heldigvis berre litt vondt!! Etter omlag ein time vart eg godt nøgd trilla inn igjen på rommet. Ei ny seng stod ved sidan av mi, og dei hadde funne tonen, perfekt!! Ingen svake!! No var vi ein fin gjeng frå 42 – 83. Galgenhumor er godt når dagane er slik dei er!! Særleg når det seinare på dagen viste seg at det var slutt på morfinpillane. ;) Perfekt ´timing´!! Heldigvis var no det stille, kjedelege opphaldet over!!
I løpet av helga hadde eg hatt nokre ymse opplevingar. ´Systrene´ gjorde jo med meg det eg gjer på jobb. Medførte litt småhumring for meg sjølv… Kanskje ikkje heilt bortkasta å ligge her likevel ;)
Sårstell var det neste som skulle skje. Etter at dei hadde skrudd skruane på plass, sydde dei meg igjen med ein polstra bandasjelapp oppå. No skulle den skiftast. Ikkje så veldig interessant å sjå eit sårskift, men eg fekk no vite at stinga skulle takast etter 18 dagar...
Om kvelden fekk eg angst og otte. Eg hadde fått sprøyte i magen mot blodpropp, Klexane, sidan operasjonen og eg hadde ikkje ofra ein tanke på at eg skulle fortsette med det etter opphaldet i Førde.
Sjølvsagt skulle eg fortette med det!! Eg var skeptisk. Men dersom eg ikkje fekk det til, kunne eg få det i pilleform. Pillene er då sjølvsagt ikkje å få på blå resept sidan eg berre har operert inn skruar. OK, då er det eigentleg berre eit spørsmål om pris… …som viste seg å vere om lag 300.- pr. veke i 2-5 veker etter operasjon. Lettare vart det ikkje når eg fekk vite at detta ikkje var noko problem. Alle får til detta!! I løpet av natta kom ein tanke, kva med heimesjukepleien?? Prøvde å ikkje ta problemet på forskot.
Ny travel morgon og mykje skulle skje før trening, og i dag skulle eg ned kl.9!! I tillegg til det vanlege måtte eg kome meg på naborommet, stelle meg litt og få kledd på meg treningskle som Liv hadde kjøpt til meg. Alt tek lang tid for tida, så det vart trening på tom mage. Øvingane som i går, men med lengre økter. Godt!! Fint å få positive tilbakemeldingar med ein gong!!
Det bruka vel å vera nokre erotikk i desse sjukehusromanane, men det sparer du gjerne til slutt ? :)
SvarSlett