Det gjekk mot slutten av opphaldet. I morgon, onsdag, skulle eg heim igjen. Skruane var på plass, treninga var i gong og det var ikkje lenger nødvendig å ta omsyn til smertene. Piller og stikka kan eg ta heime, i alle fall pillene ;) Det var ingen grunn til å vere her lenger. No var det berre enkelte praktiske ting som måtte ordnast. Hjelpemiddelsentralen på Gamleheimen måtte kontaktast. Eg hadde ikkje peiling på kva hjelpemiddel eg hadde trong for. Formen min var jo no mykje betre enn før eg reiste til Førde!! Trengte eg eigentleg noko som helst?? Vi diskuterte saken og eg enda opp med ´Startpakka´. Fekk ikkje heilt med meg kva det var som var i den, men det var vel noko lurt som eg sikkert ikkje hadde brukt for. ;)
Så var det å prøve og få tak i fysioterapeut. 1.valget på Firda Fysikalske hadde ledig time i midten av mai og hos Rosø var det like gale. Då måtte det bli den kommunale. Eg hadde fått nokre meldingar om at eg no måtte på Gamleheimen på opptrening. Dette lo eg berre av, ikkje aktuelt!! No var der ingen andre alternativ… Eg sukka og tok telefonen. Der fekk eg vite at det var inntaksmøte på torsdag, så eg kunne berre sende ein søknad. Eg måtte då fortelje vedkomande at det ikkje var det eg hadde i tankane mine. (sjølv om eg har eit brot på ein plass som har ein dødelegheit på 20-30%...)
Uansett måtte Gamleheimen få besøk av meg fredag morgon.
Hinking på krykkjene var erstatta med sakte gåing sidan eg no kunne belaste foten med 20 - max 30 kg. Det er jo eigentleg ganske mykje!!, på meg. ;)
Gåinga gjekk seinare, men eg har jo no god tid. Bra å endeleg kunne få bruke høgrefoten igjen!! Men det var vondt å flytte på seg i dag. Særleg frå liggande til ståande stilling. Eg må prøve å styre treninga litt betre. Hadde nok tatt i litt for mykje i dag tidleg. Difor var det godt å berre ligge i ro og vere sosial saman med dei andre på rommet.
Det var begynt å bli alvorleg lenge sidan ein dusj. Det måtte eg få gjort før eg reiste heim. Kvelden kom, og eg fekk råd om at eg måtte be om hjelp til det. Det er dumt å la ein slik sjanse gå frå seg!! Eg meinte no at det kunne bli ei pinleg stund. Fekk berre til svar at det ville bli pinlegare for meg dersom det ikkje skjedde noko (som eg meinte var pinleg). Sjømenn…
Etter god opplæring ved kveldsstikket fekk eg tru på at detta kunne eg få til. Nåla var jo tynn og det var jo heller ikkje så vondt. Det er nok berre ei lita sperre i haudet mitt. Detta skal eg klare!! Natta kom, og vondten vart verre. Heldigvis har sjukehus noko ein kan ta for slikt. Sikkert ei skikkeleg moropille i ein annan setting ;) for smerten forsvann med ein gong og medførte lite søvn.
Som vanleg var morgonen travel. Kl.9 skulle eg innom øyre-, nase-, halsavd. Timen var blitt flytta sidan eg låg no her på huset. Det var ikkje nødvendig med portør, så eg måtte kome meg dit i ein knabba rullestol. Behandlinga gjekk fint. Då den var over fekk eg vite eg skulle kome tilbake til kontroll når eg skulle kontrollere brotet om 6 veker. Vi ordnar det!! Javel, eg prøvde å seie noko fornuftig. ”Skal ikkje eg seie ifrå til dokke når eg har fått den andre timen??”, Fekk ”Nei” til svar. Han måtte gjenta: ”Vi fiksar det”. Eg var imponert!! Går detta an?? Tida vil no vise om det skjer…
Så var det å rulle attende til rommet, få i meg frokost, for så å legge meg nedpå før portøren kom for å trille meg ned til treninga kl.10 ;)